Avdelingsleiar/førstekonservator NMF Kaisa Maliniemi og konservator Tove Kristiansen ved Varanger museum – Ruija kvenmuseum har skrive ein av artiklane i boka. Bidraget har tittel «Varangerhus – det mangfoldige kombinasjonshuset». Dei tek utgangspunkt i museet si utstilling om varangerhus, bygd på forskningsbasert innsamling og dokumentasjon i Noreg og Russland og opna i 2016. Omgrepet «varangerhus» står for ein type kombinasjonshus med bustaddel og fjøs under same tak, skilt av ein indre midtgang. Over tid har huset kome til å bli framstilt som ein representasjon av spesifikt kvensk eller finsk byggeskikk. Maliniemi og Kristiansen problematiserer dette og peikar på at det har vore ein fleirkulturell påverknad over tid som gjer det vanskeleg å vere for eintydig. Dei vil heller seie at varangerhuset er knytt til karelsk tradisjon, med innslag av nordfinsk og nordsvensk byggestil. Vidare stiller dei spørsmål om korleis ein kan presentere kulturarven frå minoritetsgrupper utan at det fører til ekskluderande praksis. Her legg dei vekt på at dei materielle kulturuttrykka må knytast til samanhengen dei har oppstått i. Såleis kan til dømes byggeskikk bli eit uttrykk for både integrering og identitet, der ulike impulsar verkar saman, spreier seg og blir tekne i bruk av fleire samfunnsgrupper.
Artikkelen er fyrst og fremst skriven for det museumsfaglege miljøet, men kan også fungere som kjelde til kunnskap om varangerhuset for folk flest. Han gir eit godt historisk oversyn over dei ulike påverknadskjeldene som har resultert i varangerhuset slik vi kjenner det i dag, inkludert bygningstekniske detaljar (som skråstilte vindaugsbrett) og omtale av inventar som det var vanleg å ha i huset (som fjøsgryta).
Varangerhus – det mangfoldige kombinasjonshuset / Kaisa Maliniemi, Tove Kristiansen. Artikkel i: Et inkluderende museum : kulturelt mangfold i praksis. Museumsforlaget, 2018. S. 51-79.