Skrivemåten av stadnamn vekkjer kjensler og engasjement. Kven «eig» eit stadnamn? T.d. ein fjelltopp som er synleg frå fleire bygder og tek seg ulikt ut frå ulike vinklar, kven sitt namn er «rett» og skal på kartet? I område med majoritetsspråk og minoritetsspråk blir det også spørsmål om kva for språkform som er den rette. Er fjelltoppen norsk, samisk, kvensk eller finsk? Personnamn vekkjer også kjensler. Namnet er uløyseleg knytt til personen som ber det, og blir eit viktig identitetsmerke for vedkomande. Kva avgjer val av namn til barnet, og kva er rette skrivemåten?
Publisert 08.06.2021 13.01
Sist endret 29.06.2021 13.37
Artikkelsamlinga Namn i det fleirspråklege Noreg (2015) dekkjer så vel stadnamn som personnamn og slektsnamn, sett frå mange synsvinklar og med ulike problemstillingar. Historisk og språkleg opphav blir gjort greie for, og spørsmål som gjeld normering og offentleg bruk (skilting, kart) blir drøfta. I kvensk/norskfinsk samanheng kan bidraga frå Irene Andreassen (Kvenske stedsnavn i Norge), Gulbrand Alhaug/Minna Saarelma (Møte mellom to ulike namnesystem – det finske og det norske) og Anna-Riitta Lindgren (Personnavn på tre språk i Nordreisa) ha særleg interesse. Men heile boka byr på spennande lesnad, også om namn og namnebruk som gjeld samisk, romani, skogfinsk og teiknspråk.
Nokre enkelttema kan nemnast:
- byte frå finsk til norsk etternamn på 1900-talet
- norske stadnamn som har oppstått i område der det har vore snakka samisk og kvensk
- utanlandsk namnekultur som har påverka namngiving i Noreg
- namngiving i finsk-norske familiar i dag
Og visste du at det finst ein ti-på-topp-namnestatistikk for kvenar/norskfinnar for året 1900? Ifølgje Alhaug/Saarelma er det Marie, Anna, Sofie og Ida som toppar lista for kvinnene sitt vedkomande, medan Johan, Karl, Hans og Isak er dei vanlegaste mannsnamna.
Boka har i alt 13 artiklar, dei fleste skrivne av forskarar tilknytt forskningsgruppa «Språk og samfunn» ved Universitetet i Tromsø. Ho inneheld også eit nyttig register over emne, geografiske namn, personnamn og terrengtypar som er behandla i teksten. Redaktørar er Gulbrand Alhaug og Aud-Kirsti Pedersen.
Namn i det fleirspråklege Noreg. – Oslo : Novus forlag, 2015. 363 sider.