Metode for identifisering av kvenske/norskfinske bygningar

  Dei nasjonale minoritetane sine kulturminne er nummer to på Riksantikvarens liste over ti prioriterte tema som manglar eller er dårleg representerte på lista over freda kulturminne. Per i dag er det seks freda kvenske/norsk-finske anlegg i Noreg med til saman 59 bygningar. Det er viktig å få betre oversyn, og til hjelp for det har Norsk institutt for kulturminneforskning nyleg publisert NIKU Rapport 91.

Rapporten gjer greie for arbeidet med å utvikle ein metode til å identifisere geografiske område der det kan vere eldre kvenske/norskfinske bygningar. Det manglar klare kriterium for identifisering av kvenske/norskfinske bygningar, og i område der samisk, kvensk/norskfinsk og norsk busetjing er blanda, er det særleg utfordrande. I staden for å sjå einsidig etter bygningstypar, tilrår rapporten å ha ei breiare tilnærming og sjå på det enkelte området som ein heilskap og eit samspel mellom innvandra byggeskikk og eksisterande byggeskikk, landskap, materialar og menneske. Metoden stiller derfor saman data frå bygningsregisteret SEFRAK (Sekretariatet for registrering av faste kulturminner) med folketeljingar frå perioden 1865-1910 og Jens Andreas Friis sine etnografiske kart (1861, 1890). I prosjektperioden 2017/2018 er metoden prøvd ut i delar av Lyngen og Storfjord kommunar i Troms. I alt 24 potensialområde er identifiserte. Av desse er fem område vurderte til å ha eit høgt potensial, medan ni område har middels potensial for funn av kvenske/norskfinske bygningar. Prosjektleiar har vore Elin Rose Myrvoll, og arbeidet er finansiert av Riksantikvaren.

 

Elin Rose Myrvoll, Sanne Bech Holmgaard, Alma Elizabeth Thuestad. Identifisering av potensialområder for funn av kvenske/norsk-finske bygninger. Vestsiden av Lyngenfjorden og indre del av Storfjord. NIKU Rapport 91. 2018. Fulltekst: https://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/2490520/NIKURapport_91_2018.pdf?sequence=1&isAllowed=y