Torvald Sund. Grensejegerar (1987)
Forlagets omslag
Gymnasiastane Terje og Eirik er på hyttetur i Pasvik, Sør-Varanger. Dei blir uventa vikla inn i eit drama då to unge sovjetiske desertørar flyktar over grensa for å unngå krigsteneste i Afghanistan. Sovjetiske grensestyrkar leitar etter dei, og på norsk side går to grensejegerar til aksjon. Kva for verdiar tel for dei unge mennene? Pasifisme kontra forsvarsvilje, miljøvern kontra heimevern? Kan grenser brytast av omsyn til menneskerettar? Tretti år gammal prisløna spenningsroman som framleis kjennest aktuell.
Publisert 06.07.2021 12.49
Sist endret 06.07.2021 12.49